Velkomen til Sommarflørtkafé

Kontakt

Fløvegen 745
6065 Ulsteinvik
M: +47 416 38 662
E: vartdalo@gmail.com

Andreasgarden opnar tunet for kafédrift under SommarFLØrt. Det er mogleg å få kjøpt seg mat og drikke og prøve ulike rettar.

Velkomen til oss på Flø. Slik står det på nettsidene til Andreasgarden Gjestetun og skriv vidare at “her tilbyr vi eit måltid lokal og kortreist mat, samstundes som vi deler kulturhistorie frå Flø.”

Visit Ulstein skriv på sine nettsider: “Ut i havgapet på magiske Flø finn du vakre Andreasgarden Gjestetun, der Oddbjørg Vartdal og Lasse Holstad inviterer besøkande til å oppleve lokal mat og kultur på gardstunet sitt. Under Sommarflørt vert det servering ute på tunet.

Kva med å nyte Oddbjørg si legendariske heimelaga fiske-og urtesuppe saman med heimebaka brød og garden si eiga hylleblom-saft? Eller kanskje du har lyst til å nyte ein deilig kopp kaffi og eit kakestykke frå det makelause sunnmørske kakebordet ute i hagen eller ved elva der kvernhusa står?”

Du kan lese meir om Andreasgarden Gjestetun her:

Previous
Previous

Inger Strand

Next
Next

Ivar Mork