Velkomen til Andreasgarden

Frå eit av dei mange gjesteboda i Andreasgarden på Flø. Foto: Bjørg Vartdal Hareide.

 
  • Husfolket, Oddbjørg og Lasse, ynskjer gjestane velkomne ute på tunet med eit glas alkoholfri drikke.

    Info om garden og bygda.

    • Oftast Oddbjørg si urte-og fiskesuppe med heimebaka brød og hylleblomstersaft.

    • Kaffi.

    • Eigen barnemeny.

    • Lasse fortel om hendingar fra Fløbygda og storhavet, mest fra ei tid som var. I tillegg deler han gjerne lyrikk og song.

    • Her går vi gjerne opp til kvernhusområdet, der 4 kvernhus er tekne vare på, og ein kan sjå og få fortalt korleis maling av korn foregjekk fra 1800 talet.

    • Det fremste kvernhuset er innreia til eit lite kapell, med plass til 7-8 stk. Her er det høve til å kike inn, eller berre ta seg ei fredeleg stund åleine.

    • Dersom det er ynskje om det, og husfolket er i form, framfører dei gjerne Bukkerittet frå Ibsens Peer Gynt.

    • Har nokre av barna med fiskestang, er det rikeleg høve til å prøve fiskelykka i elva som renn like ved, med store sjansar for fiskelykke.

    • Om vêret er fint, spring ned til sjøen og ta eit bad. Her er det langgrynt og fin sandstrand.

    • Kaffi med Oddbjørg si Andreasgarden kremkake, m.m.

    • Samtale, song, quiz.

Andreasgarden

Andreasgarden ligg vakkert til med utsikt mot Runde og storhavet.