Ivar Mork

Kontakt

Haddalvegen 92
6064 Haddal
Telefon: 909 76 081
E-post: ivar.mork@outlook.com

Laurdag 13. august kl. 15:00 er det bokslepp i kulturteltet under Sommarflørt.

Reisegalskap 3 er tredje bandet av Ivar Mork sine reisebrev, fyrst publiserte på Facebook frå dag til dag under reisa. Reisegalskap 1 kom ut i 2018, og fyrste opplaget vart snøgt rive bort – ettersom mange lesarar hadde venta på å få dei omtykte reisebreva i bokform. Boka vart fylgd opp av Reisegalskap 2 året etter.

  • Forfattaren rettar eit skråblikk mot mangt og mykje som kan hende under ei danningsreise utanfor allfarveg. Her er humor både til å humre over og til å gapskratte av, og sjølvironien er kanskje den mest bitande.

  • Mange lesarar har òg vorte gripne av forfattaren sine skildringar av møte med menneske på reisa, av alvoret og ettertanken som fylgjer med.

  • Forfattaren si interesse for politikk og historie bryt ofte igjennom – med verdiane hans som bakteppe.

  • Reisegalskap 3 er i same sjanger og skildrar opplevingar frå seks reiser på tre kontinent.

  • Ivar Mork skriv eit personleg og dialektnært nynorsk, rikt på nyslegne metaforar og subtile referansar.

Previous
Previous

Velkomen til Sommarflørtkafé

Next
Next

Lappelina stiller ut