Om Sommarflørt
-
Sommarflørt vert arrangert helga 12. til 14. august på Andreasgarden på Flø. Ein flørt med kortreist kultur ut i havgapet. Flø er kjent for det opne landskapet og solnedgangane, og er ein magnet på folket i regionen. Flø er ein fantastisk møtestad. Andreasgarden Gjestetun og Holy Ghost er arrangørar.
-
Sommarflørt er ein møteplass for lokal musikk og lokal handverk, og ein arena for skaparkraft som femner om og som viser fram lokal kultur. Dei fleste kjem frå våre strender, men nokre må ta ein lenger veg for å kome fram. I eit større perspektiv gir kortreist kultur ein miljøgevinst og høve til å ta vare på eigne ressursar.
Ein viktig del av arrangementet er marknaden. Ulike aktørar i regionen er invitert og vil skape eit mylder av boder av handtverkarar som byr fram sine produkt. Dei ulike bodene på Andreasgarden vil skape ei innbydande og bonderomantisk atmosfære i eit fantastisk landskap. Og sjølvsagt inviterer vertskapet til matservering og kafé.
Konsertane legg til rette for at unge lokale utøvarar får tildelt ei scene og eit arrangement der dei kan framføre musikken sin eller talentet sitt på. Sommarflørt skal vere ein motivator for unge utøvarar og lokale musikarar i regionen. For å sikre arrangementet mot dårleg vêr vert det satt opp eit festivaltelt på området.
-
«Alle» reiser til Flø for å sjå det opne landskapet og sola som går ned i havet. I arrangementshelga går sola ned i havet like før klokka ti om kvelden. Solnedgangen vil vere eit programinnslag.
-
I august er andreslåtten ferdig og Andreasgarden klar til å ta imot gjestar. Ved å arrangere festen på Andreasgarden, på eit jordet og i eit jordbruksområde, blir Sommarflørt det lokale svaret på Woodstock-festivalen. Andreasgarden dannar ei perfekt ramme for Sommarflørt.
Velkomen inn på tunet!