Ny barnebok
Kontakt
Ingunn Røyset
E: ingunn.royset@tussa.com
Ingunn Røyset er aktuell med ny barnebok. Den tidlegare journalisten i Vikebladet Vestposten har gitt ut fleire barne- og ungdomsbøker dei siste åra. Ho er mest kjent for bøkene med handling frå andre verdskrigen: «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen», «Aldri fred å få» og «Brevet frå krigen». Desse bøkene er basert på lokalhistoriske hendingar og skildrar lokale personar. «Brevet frå krigen» tek til dømes for seg oppveksten til Jorun E. Waage, opphaveleg frå Oslo, men gift med Peder F. Waage og busett i Ulsteinvik .
Den nyaste boka til Ingunn er «Perfekt» og kom ut i februar i år. Hovudpersonen Pia skal begynne på ungdomsskulen, og slit med ein hemmelegheit som ho ikkje finn nokon ho kan dele med. Heilt til ein dag ho går ein tur langs elva og oppdagar ein person som gøymer seg mellom trea. Boka tek for seg psykisk helse hos barn og ungdom.
Om du besøker SommarFlørt vil du nok kjenne igjen landskapet som forfattaren skildrar i boka si. Her vil du også få kjøpe «Perfekt» og nokre av dei andre bøkene til Ingunn Røyset.