
Fløelva renn gjennom
Andreasgarden og har lagt grunnlaget for kvernhusa.
Kvernhus
Fløelva kjem frå Brørevatnet og renn gjennom Andreasgarden. Langs elva står det fire gamle kvernhus som bøndene på Flø eigde i fellesskap. Her blei det mala korn. Kvernhusa vart restaurerte i 1990.
Det største og fremste kvernhuset er bygt opp av materiale som kom frå våpenhuset på den gamle kyrkja på Ulstein. I 1847 slo lynet ned i kyrkja, noko som medførte store skadar og det blei bestemt å rive den gamle og bygge ny kyrkje.
Det er materiale frå det gamle våpenhuset som det eine kvernhuset er bygd av - det er vigsla materiale. Inne i kvernhuset er det laga til eit lite kapell, med kross og ein kan tenne lys.
I dette gamle kvernhuset sit det mykje historie i veggene. Medan karane sat i timevis og venta på å få kornet malt, rissa dei inn forskjellig i veggene for å få tida til å gå.
Under SommarFLØrt kan du ta turen innom kvernhusa og få eit innblikk i korleis dei mala kornet i tidlegare tider.





