27.-29. juni 2025

Bli med på ein sommarflørt!

Program

Fredag 27. juni

20:00 -            Quizkveld med Ulstein historielag og Ulstein Mannskor. Åge Grimstad og Øyvind Hov er Quizmaster.

Laurdag 28. juni

11:00 -            Sommarflørtmarknaden opnar

11:00 -            Gardskafè

14:00 - 16:00  Aktivitet på scena

18:00 -            Sommarflørtmarknaden slutt

Søndag 29. juni

11:00 -            Sommarflørtgudsteneste

12:00 -            Sommarflørtmarknaden opnar

12:00 -            Gardskafè

14:00 - 16:00   Aktivitet på scena     

18:00 -            Sommarmarknaden slutt

Sommarflørt har fokus på lokale utøvarar, men vi ynskjer også verda velkomen til Flø. Vi arbeidar for å kunne servere gode musikalske opplevingar!

Arrangørane: Andreasgarden og Holy Ghost Band. F.v.: Lasse Flø, Magne Grimstad jr., Oddbjørg Vartdal, Åge Grimstad, og Øyvind Hov.

Stemning frå teltet og konserten med Bill Maxwell All Star Team under konserten søndag 14. august 2022. Ein fantastisk kveld med sol og sommar.

Marknadsboder

Fleire utstillarar og boder kjem til Sommarflørt. Det er eit mylder av boder for både ein god handel og ein god prat. La deg bli inspirert av alle dei mange lokale og dyktige handtverkarane som stiller ut og sel sine produkt.

 

Kortreist kultur Andreasgarden.

Her blir du tilbydt eit godt måltid med kortreist mat, samstundes som du får høyre kulturhistorie frå Flø.

Sponsorar

Sommarflørt er eit lavkostnad-arrangement, men er avhengig av sponsorar. Vi er glad for alle som bidreg økonomisk for at vi kan gjennomføre arrangementet. I år har vi fleire bidragsytarar.