Andreasgarden

Husfolket, Oddbjørg og Lasse, ynskjer gjestane velkomne ute på tunet med eit glas alkoholfri drikke.
Info om garden og bygda.
- Oftast Oddbjørg si urte-og fiskesuppe med heimebaka brød og hylleblomstersaft.
- Kaffi.
- Eigen barnemeny.
- Lasse fortel om hendingar fra Fløbygda og storhavet, mest fra ei tid som var. I tillegg deler han gjerne lyrikk og song.
- Her går vi gjerne opp til kvernhusområdet, der 4 kvernhus er tekne vare på, og ein kan sjå og få fortalt korleis maling av korn foregjekk fra 1800 talet.
- Det fremste kvernhuset er innreia til eit lite kapell, med plass til 7-8 stk. Her er det høve til å kike inn, eller berre ta seg ei fredeleg stund åleine.
- Dersom det er ynskje om det, og husfolket er i form, framfører dei gjerne Bukkerittet frå Ibsens Peer Gynt.
- Har nokre av barna med fiskestang, er det rikeleg høve til å prøve fiskelykka i elva som renn like ved, med store sjansar for fiskelykke.
- Om vêret er fint, spring ned til sjøen og ta eit bad. Her er det langgrynt og fin sandstrand.
- Kaffi med Oddbjørg si Andreasgarden kremkake, m.m.
- Samtale, song, quiz.